Denne sida er under oppdatering.

Skutenaustet
På Kvamsholmen i Veafjorden ligg Skutenaustet. Her har "Brørvikskuto" ein turr og trygg plass i vinterhalvåret. Med ei grunnflate på 9 x 18,5 meter kan både skuta og utstyret lagrast her, og det er ein tenleg stad for det årlege vedlikehaldet. Naustet er eit grindbygg, og det vart reist som eit kurs i byggjeskikk og bygningsvern i samarbeid med Vestnorsk Kulturakademi på Voss. I tillegg til kursdeltakarane var medlemer frå stiftinga og Skutefolket med i reisinga. Stiftinga eig Skutenaustet, men grunnen er bygsla. Den særmerkte Veafjorden, med sine veglause gardar, er ein naturleg heimstad for "Brørvikskuto". Her er lite endra frå den gongen slike skuter pløgde fjorden, og Kvamsholmen er ein veleigna stad for kulturformidling.

Haldorbåtane
På loftet i Skutenaustet er det utstilt tre gamle og verneverdige robåtar. To av dei, ein færing og ein seksæring, er det Vaksdal kommune som eig. Kommunen fekk dei i gåve frå Nils Dyvik i 2012. Desse båtane kjem frå Dyvik i Bolstadfjorden. Den tredje båten kjem frå Veafjorden, og vart donert til stiftinga av Laurits Fyllingslid i mai 2018. Det er ein seksæring etter storleiken å døma, men han har berre fire keipar, og slik sett er det ein færing. Alle dei tre båtane vert kalla Haldorbåtar, sjølv om dei innbyrdes har noko ulik utsjånad. Dette er ein variant av nordhordlandsbåten, og ein fann slike i fjordane rundt Stamnes. Den vidgjetne båtbyggjaren Haldor Ingebrigtsson Kallvik (1808 - 1894), eller Haldor på Berget som han vart kalla, er den som har gjeve namn til denne slags båtar. Han bygde ogso skuter. Det er Haldor som har bygt båten frå Veafjorden, og kan henda er det han som har bygt dei to frå Bolstadfjorden òg. "Brørvikskuto" er ein del av denne lokale båtbyggjartradisjonen.

Me er glade for at desse sjeldsynte båtane er tekne vare på og kan synast fram i Skutenaustet. Saman med "Brørvikskuto" er dei viktige representantar for ein mindre kjend del av norsk kystkultur. Kontakt stiftinga dersom du vil sjå båtane.


        Rediger