Foto: Ola Kristoffer Kvamme

Stiftinga Brørvikskuto
 
Stiftinga Brørvikskuto er ei privat stifting som vart skipa den 7. mai 2002. Stiftinga har som føremål:
  • å eiga og ta vare på "Brørvikskuto"
  • å arbeida for at ho vert brukt til å formidla den tradisjonelle og spesielle kulturen i Nordhordland til eit so breitt publikum som mogeleg
  • å arbeida for å kopla bruk av skuta mot lokalt næringsliv
  • å skapa ein opplevings- og kunnskapsarena for mellom anna skular, nærings- og reiseliv
I tillegg til "Brørvikskuto" er stiftinga eigar av Skutenaustet som står på bygsla grunn på Kvamsholmen i Veafjorden. Arbeidet med formidling, drift og vedlikehald av skuta og naustet vert organisert gjennom veneforeininga Skutefolket. Formidlingsarbeidet vert særleg retta mot born og ungdom. Stiftinga Brørvikskuto har difor status som lotteriverdig organisasjon, og ho er registrert i Frivillighetsregisteret. Det er vedtektsfesta at ved eventuell oppløysing skal Osterøy museum overta alle rettar og skylnader etter samråd med Hordaland fylkeskommune og Osterfjordrådet.

Formidlingsarbeidet er særleg retta mot born og unge. Her får dei prøva å ro med dei lange årane. Foto: Oddvar A. Bukkestein.


Styret har i dag desse medlemene:
  • Anne-Mari Hannisdal (leiar)
  • Oddny Kallestad
  • Ågot Gammersvik
  • Ola Kristoffer Kvamme
  • Sigmund Simmenes
  • Oddvar Arild Bukkestein
I tillegg møter Helene Kvamme som observatør frå Skutefolket.


Overdraginga av skuta i 2002. Frå venstre: skutebyggjaren Hans Brørvik, Gunnar S. Haugsvær, dåverande styreleiar Arne Laastad og Arne Høyland. (Foto: Atle Ove Martinussen)


Kontaktinformasjon

Besøksadresse:
Skutenaustet Kvamsholmen
5727 Stamnes

Postadresse:
Stiftinga Brørvikskuto
c/o Osterøy museum
Gjerstad 44
5282 Lonevåg

Styreleiar Anne-Mari Hannisdal
Telefon: 904 19 225
Mobil Anne-Mari: 995 22 014
E-post: anne-mari.hannisdal@muho.no
Org.nr. 984 711 379
Bankkonto nr. 3632 59 69975


        Rediger