Velkommen til nettsida for Brørvikskuto

Brørvikskuto er ei rekonstruert vedaskute, som er vorte ein flytande tradisjonsberar av fjordkulturen i Nordhordland. Brørvikskuto skal vera i aktiv bruk som ein dokumentasjon på den båttypen som i si tid vart nytta i fjordane i Nordhordland, og som tradisjonsberar for fjordkulturen.
 
For å verte kjend med Brørvikskuto, klikk deg rundt på nettsida vår. Hovudmenyen finn du i venstre marg.
 
Dersom du ynskjer å vite noko om aktivitetar knytt til skuta, gå inn på sida Aktivitetskalender. Her finn du informasjon og tidspunkt for mellom anna dugnadskveldar, kurs og den årvisse festivalen Kulturdagar og fiskefestival i Stamnes. Mengda av aktivitetar vil variere noko med årstidene.



Kultur og fiskefestival 2011
Set av siste helga i juli og ta ein tur ut på fjorden i Brørvikskuto under årets festivalhelg! 29, 30. og 31.juli fylles Stamnes-bygda igjen med fiskelystne, kunstinteresserte og musikkglade folk i alle aldrar!
 
Ein flytande tradisjonsberar
Den rekonstruerte vedaskuta Brørvikskuto, er vorte ein flytande tradisjonsberar av fjordkulturen i Nordhordland. Då dampskipa kom inn i fjordferdsla på midten av 1800-talet fekk det dramatiske følgjer for skutetrafikken.
Om Brørvikskuto
Om stiftinga Brørvikskuto
Om Skutefolket
Om Kvamsholmen

Meld deg inn i
dugnadsgjenngen
Skutefolket her!