"Brørvikskuto" - ein flytande tradisjonsbærar

Velkomen til nettsida for "Brørvikskuto". Den rekonstruerte skuta er ein flytande tradisjonsberar for fjordkulturen i Nordhordland. Ho er i aktiv bruk som ein dokumentasjon av dei opne og klinkbygde frakteskutene som i si tid vart nytta der, og som det no ikkje finst fleire att av. Skuta er lokalisert i Stamnes i Vaksdal kommune, og i desse traktene hadde mange av gardane si eiga skute. Skutene vart mest brukte til å frakta ved til Bergen og vart difor kalla vedaskuter. Dei vart og kalla ostraskuter, sidan dei oftast kom frå området rundt Indre Osterfjord, og i Bergen vart dei gjerne kalla vosseskuter.


Stiftinga Brørvikskuto
Stiftinga Brørvikskuto står som eigar av skuta og skutenaustet. Ho er sett saman av personar frå ulike miljø med ei felles interesse for å lata skuta gjera fjordkulturen levande for ålmenta. Formidlingsverksemda er i hovudsak retta mot born og ungdom. Det å verta transportert i ein so stor, open båt er ei oppleving i seg sjølv. I tillegg til gode opplevingar på fjorden med roing og segling, får dei læra om skuta og fjordkulturen. Meir informasjon om stiftinga finn du under Om oss
 





Skutefolket

Den store innsatsen frå veneforeininga Skutefolket er ein føresetnad for at "Brørvikskuto" kan koma på sjøen kvart år. Dei tek seg av drift, vedlikehald og formidling av skuta og fjordkulturen. Det er ei samling med kjekke og flinke dugnadsfolk som har som mål å skapa eit levande miljø kring skuta. Dei vil ta vare på ferdsla og syna korleis skutene vart brukte.

Det er mange måtar å bidra på i Skutefolket. Du kan ro, segla, spleisa tau, vera matros, fortelja gode historier, ta med nistekorg på dugnad, syngja eller spela, dansa og elles vera med på å laga tilskipingar kring skuta. Ingen er like flinke til alt, men alle er flinke til noko! Det sosiale samværet har ein brei plass! Skutefolket sin blogg finn du her.


Skutefolket i "Tiljevals" på Brørvikskuto. (Foto: Ruth Olsnes)

Skutenaustet
I Skutenaustet på Kvamsholmen har "Brørvikskuto" fått ein varig heimstad i vinterhalvåret. Der det før stod ei nothengje, har Stiftinga Brørvikskuto reist eit grindbygg i samarbeid med Vestnorsk Kulturakademi på Voss. Kvamsholmen ligg i Veafjorden, som er den mest særmerkte fjorden i indre Nordhordland. Her er gardane framleis veglause, og aktivitetane til "Brørvikskuto" vil kunna drivast i eit sjøbruksmiljø som ligg tett opp til det som var før i tida. 



        Rediger